Heim Sidekart Epost

Nytt magasin

Ny utgåve av magasinet "Vanylven - ein grunn til å smile" er klar.

Vanylven Utvikling tykkjer bulyst er viktig. Men omgrepet handlar ikkje berre om nasjonal politikk og gode intensjonar. Det handlar om kvardagen vår. Di og mi kjensle av å trivast med staden vi bur på. Det er du og eg som må kjenne bulyst.

Fjernt og flyktig - eller nært og nyttig? Magasinet vert utgitt av Vanylven Utvikling. Vi trur ekte bulyst handlar om kva som får folk til å bu der vi bur. Konkret og jordnært. Det er det vi vil fokusere på i vårt magasin.

Les siste utgåve her.

|Mer

Vaffelhjarte på Søre Sunnmøre

Serien Vaffelhjarte, som i desse dagar går på NRK3, er i stor grad spelt inn på Sunnmøre. Boka bak serien er forfatta av Maria Parr, og med hennar bakgrunn i Vanylven er det ikkje usannsynleg at miljøa og stemninga gjenspelar ein oppvekst og omgjevnadane i kommunen.

Meir informasjon og relaterte lenkjer på Destinasjon Ålesund og Sunnmøre sine nettsider.


Biblioteket som møteplass

Frå og med veke 42 og partalsveker ut året vil Leiten-galleriet vere ope som ein sosial møteplass og liten kafè frå kl 17-19 samtidig som biblioteket utvidar opningstidene til kl 20 kvar torsdag.

Tilflyttarar og andre som ynskjer ein sosial møteplass er hjarlteg velkomne. Kommunen og Vanylven Utvikling AS ynskjer her å gjere tilgjengeleg informasjon om fritidsaktivitetar, kulturhendingar og anna som kan vere av interesse for spesielt tilflyttarar.

Har du eit tips eller noko du ynskjer å informere om? Ta kontakt her.

|Mer

Gjennomgangsbustadane under oppføring

Både på Fiskå og på Rovde vert det no ført opp gjennomgangsbustadar for leige.

Via prosjektmidlar for tilretteleggande tiltak i 2010 vart det lyst ut tilskot til denne type bustadar. Ein føresetnad er at bustadane vert leigd ut til ei rimeleg leige til målgruppa unge i alderen 15 – 35 år som ynskjer å etablere seg i kommunen. Første bustad på Fiskå er innflyttingsklar i løpet av juli.

|Mer

VANYLVEN

Vanylven - ein grunn til å smile. Når vanylvingen ser seg rundt, på fjella, havet, fjorden og fridomen som ligg i heimkommunen, då opnar andletet seg i eit smil. Her er det tid til å gjere som ein sjølv vil. I Vanylven finn ein trygge og gode arbeidsplassar og eit miljø som er godt for både liten og stor.